Me er ein familie som bur på Oppheim, 27km utanfor Voss sentrum.
I 2005 kjøpte me ein gard, Finne, som ligg for seg sjølv 500m o.h. Fritt og fint for to- og firbeinte. Garden er ikkje i drift, men me leiger ut mjølkekvote og sel fôret til ein fellesfjøs i nærleiken. Sidan den gong har med bygd om og restaurert bustadhuset, men me har mange år framfor oss med slikt arbeid, også på fjos, støl, stabbur og jakthytte. Og visst me eingong vert ferdig….,kan me nok berre forsetja å halda alt ved like!
16 juli 05 vart me foreldre til Eirik. Han er ein blid og kjekk gut som har fått mor og far til å tenkja på litt meir enn hund…. Hunden våre Rina, merkar nok at ho ikkje er like mykje prioritert som før.
Eirik Gudbrandstuen, -05, har hatt hund heile sitt liv. Han har ein flatcoated retriever, som han prøver å dressera etter beste evne. 1 år gammal kommanderte ha Rina i dekk: "Ina dekk, baa !". Hans store interesser er traktor, gravemaskin, song og musikk. Elskar å bade og stå på ski. Han likar og leika med togbana og lego som tek halve stove golvet, og Rina er ofte med i leiken. Eirik er i barnehagen 4 dagar i veka, og likar seg godt der. Han syng i Gospel Kidz og konkurerar på ski, som han har gjort sidan han var 1,5 år.
Vegar Gudbrandstuen, -07, har og hatt hund heile sitt liv. Syntes som liten at dei var litt nifse, men er no bestevenn med Rina. Han likar å gjera det samma som broren og hermar etter han. Han og likar å bada, er byrja å gå på ski og går på synging. Vegar er i barnehagen 3 dagar i veka, og ein dag hjå besta. Dei kosar seg i lag, med ulike arbeidsoppgåver, men det er spanande å plukka egg hjå hønene.
Alvhild Bidne, -73, fekk min fyrste hund i -99, etter å ha lånt og passa hundar for venner i sommarferiane. Den fyrste var ein Gordon setter, Trollheimens Maika.
Så starta eg min eigen frisørsalong, og tida til jakt vart bytt ut med jobb. Når eg då skulle ha meg ny hund, vart valet Flatcoated retriever. Mest for allsidigheita, då eg var veldig interessert i lydnad, bruks og utstilling.
Året -03 byrja eg på instruktør utdanning hjå Fjellanger hundeskule i Bergen. Er instruktør for Voss hundeklubb, og held kvalp-, unghund-, klikker- og lydnadskurs, samt brukskurs ilag med Audun.
Eg og (Attentive’s toffee crisp) Rina konkurrerar i kl 3 LP, og kl C Bruks. Eg eig Sveis’n frisør AS, i Voss sentrum, ilag med ”svigerinna” mi, Tone. Eg er dagleg leiar og frisør, og me har 4 kjekke kollegar.
Audun Gudbrandstuen, -72, fekk min fyrste hund i -90, som var ei schäfer- tispe. Har dreve eit lite oppdrett på rasen sia -94. Har i dag ingen hund, men den siste hunden min var Veemtroppen’s Kimmi, som eg konkurrete med i kl 3 LP og Bruks kl C spor. Utdanna meg til instruktør, trinn 1, hjå NKK i -93, som ringsekretær i -98 og tok utdanning som brukshund- dommar i -00. Er også autorisert K-Test dommar, og under utdanning som MH og FA dommar. Er instruktør for Voss hundeklubb, Gudbrandsdal hundeklubb og anna. Eg arbeider hjå Tine Meierier på Voss. |
|